Politiet om brot på parkeringsforbod i Bismo: – Vi vil ha kontrollar her framover

Mange parkerer på den kommunale vegstubben som går forbi YX Skjåk og Skjåk kjøpesenter i Bismo, trass i at den er skilta med parkering forbode. Nå varslar politiet kontrollar.

Feilparkert: Mange parkerer på denne kommunale vegstubben i Bismo, trass i at den er skilta med parkering forbode. Vegen heng saman med parkeringsplassen på YX og Skjåk kjøpesenter.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Det var i 2016 at det vart sett opp tre skilt av typen «Parkering forbode» langs den kommunale vegstubben som går forbi YX og kjøpesenteret i Bismo, parallelt med riksveg 15.

Vegen, som heng saman med parkeringsplassen til bensinstasjonen og kjøpesenteret er også merka med kvite striper.

Mange brukar vegen til parkeringsplass når dei skal inn på YX eller Skjåk kjøpesenter. På svært trafikkerte dagar kan det stå parkert så mange bilar på den kommunale vegstubben, at det er vanskeleg for forbipasserande å ta seg fram.

Saka held fram under bildet

Fullt: På svært trafikkerte dagar kan det stå parkert så mange bilar på den kommunale vegstubben, at det er vanskeleg for forbipasserande å ta seg fram.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Seinast da Fjuken tok turen for å ta illustrasjonsbilde til denne artikkelen sundag ettermiddag, stod det parkert mange bilar på den kommunale vegen.

Øyvind Aaboen ved Lom lensmannskontor opplyser til Fjuken at politiet har høve til å skrive ut parkeringsgebyr til førarar som står parkert langs den aktuelle vegen.

– Vegen er skilta med parkeringsforbod, og vi vil ta oss ein tur til denne staden ved ledige stundar, og med jamne mellomrom framover, for å kontrollere, seier Aaboen.

Parkeringsgebyret er i fylgje politiet på 900 kroner.

Parkering forbode: Mange bryr seg ikkje om skilta og står dermed feilparkert. Om politiet kjem, ventar det eit gebyr på 900 kroner.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon