Kjærleik, mangfald og likeverd på Sota Sæter i helga: – I fjellet er du fri!

Nesten 200 personar reiste «til fjells» for å ta del i årets FjellPride på Sota Sæter i Skjåk, der kjærleik, mangfald og likeverd stod i fokus i helga.

Initiativtakarar: Ekteparet Ove og Silje Lilleengen er vertskap på Sota Sæter. Det var dei som tok initiativ til å arrangere ein årleg FjellPride.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Det er utruleg stas at så mange er med på dette. Gledeleg er det også å sjå at fleire bygdefolk har teke turen. Når det gjeld talet på deltakarar har vi hatt auke kvart år, og det viser at FjellPride er eit arrangement som har festa seg, seier ekteparet Silje og Ove Lilleengen, som er vertskap på DNT-hytta Sota Sæter i Skjåk.