Ny driv og mange planar på Jotunheimen fjellstugu

Ole Ragnar Repp har sagt opp sin faste jobb i Utvalgte Hotell og Spisesteder. Nå vil han fokusere fullt og heilt på Jotunheimen fjellstugu.

Fullt fokus: – Det er godt å endeleg ha tid til å fokusere fullt og heilt på Jotunheimen fjellstugu, seier Ole Ragnar Repp.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Nå kan eg bruke all energi på fjellstugu, og ikkje «berre» ha dette som ein hobby og ha full jobb ved sidan av. Eg gler meg. Planane er mange, seier ein blid Ole Ragnar, som byr Fjuken på både kaffe og wienerbrød.