Hundrevis kom for å sjå på OKB-museet i Bismo

Museumsdirektøren Helge Skjåk vart heilt sett ut da fleire hundre personar kom på opninga av OKB-museet i Bismo laurdag.

Stas: Folk tykte det var stor stas å endeleg få kunne besøke OKB-museet i Bismo.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Noko så gale har eg ikkje vore borti før. Eg tenkte at det kom ein del folk, men så mange ... Det er da reine bispevisitasen dette her, sa Helge Skjåk til Fjuken, etter at det 1.500 kvadratmeter store OKB-museet i Bismo var opna, og folk var sleppt inn for å sjå på eit tjuetals gamle bussar og lastebilar, som er utstilt i bygget nedanfor Signegarden.