Alt dette - og mykje meir - kan du gjera heilt gratis i Ottadalen

Kommunane Skjåk, Lom og Vågå har mykje å by på av gratis aktivitetar for barnefamiliar og andre gjennom sommaren.

Bading: Det er mykje å ta seg til i kommunane Skjåk, Lom og Vågå i sommar, som ikkje kostar ei krone. Som til dømes å ta eit bad ved Liabrua i Lom.   Foto: Arve Danielsen/Arkiv

Nyheiter

Her gjev vi deg ei oversikt over eit utval aktivitetar, som ein ikkje treng å betale ei krone for å gjennomføre.

VÅGÅ:

• Dompe aktivitetspark i sentrum: Ballbane, leikeutstyr, diskgolf og gapahuk.

• Hulderstigen i Sjodalen: Kultur- og naturstig i fin fjellskog, lett terreng som passerer elver og tjern.

• Munch-vandring: Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans i Vågå. Total lengde 1,3 km. Ruta er godt merka, og byrjar i Vågå sentrum.

• Moajordet Aktivitetspark i Vågå sentrum: Her er det ulike leikeapparat, sandvolleyballbane og skate- og sykkelpark.

• Kalven Seter ved Lemonsjøen: Energikampaktivitetar for barn og unge.

• Kvennberget på Lalm: Merka stig i fint skogsterreng.

• Ulike merka ruter ut frå Vågå sentrum: Vanglandsrunda, Hølenrunda og andre.

• Sykling: Fleire merka ruter.

• Prestegardshagen i Ullinsvin: Restaurert historisk hage.

• Fisking: Gratis fisking i Vågå for dei under 16 år.

• Jutulheimen Bygdamuseum

• Rulleski- og idrettsbane på Lalm.

• Bading i ulike fjellvatn/elvar i Finndalen, Jønndalen, Flatningen, Vågåvatnet med fleire.

LOM:

• Fossheim Steinsenter: Utstilling, vandring gjennom sentrum med meir.

• Diskgolf på eiga bane i Bøverdalen

• Folkebiblioteket i sentrum: Her er det mykje god barne- og ungdomslitteratur, samt lesekampanjen «Sommarles», der barna kan hente seg premiar.

• Grilling i grillhytta på Skim, gjerne kombinert med fisking.

• Ein køyretur over den nasjonale turistvegen Sognefjellet, gjerne kombinert med ein sykkeltur innover Høydalen.

• Bading ved Liabrua eller Tesse.

• Norsk Fjellsenter (butikken og inngangspartiet er gratis, utstillinga er gratis for barn under 3 år).

• «Selfie-tur» til Kvilarsteinen og Lomseggen for ungar som er i god form, og ikkje har særleg høgdeskrekk.

• Tur til bygdemuseet Presthaugen for å sjå på friluftsbygningane, leike ved dammen, og gå Rådyrtrakket eller Bordvassvegen.

• Fugletårn ved Tesseosen.

SKJÅK:

• Bading: Det er flotte badekulpar og fjellvatn overalt, mellom anna Bångråttjønn.

• Turstigar etter merka turkart, og ulike naturstigar.

• Fjellgeita: Turorientering for barnefamiliar. 10 ulike turar.

• Idrettsbana i Bismo: Friidrettsbane og fotballbane.

• Sommarope folkebibliotek.

• Sykling: Ein kan utføre mange flotte sykkelturar på dei mange vegane i bygda.

• Skateparken i Bismo.

• Diskgolfbane på Moar.

• «Skjåkutstillinga» på Galleri Mathilde i Bismo: Utstilling av kunstnarar som har tilknyting til Skjåk.

• Fisking: Det er gratis å fiske i 200 fiskevatn for barn i Skjåk.

• Sandvolleyballbane ved Dønfoss.

• Geocaching: Orientering med GPS. Det er mange cachar i Skjåk.

• Naturstig: Uppnose elgfangstanlegg ved Dønfoss.

Vi tek atterhald om feil i oversikta, som er berre eit lite utval. I tillegg til dette finst det ei rekkje «betalingsaktivitetar» i Ottadalen.