Oppmodar dei som driv med jakt, fiske og friluftsliv til å melde frå om dårlege gjerde

Landbrukssjefen for Sel og Vågå oppmodar folk til å melde frå om dårlege gjerde ved å sende kartutsnitt og bilde til landbrukskontoret, slik at dei kan ta kontakt med grunneigar om dette.

Kartutsnitt og bilde: I Vågå er det innført eit tilskot gjennom SMIL-ordninga der det blir gjeve 10 kroner per meter fjerna gjerde/piggtråd. Landbrukssjef Per-Ivar Weydahl oppmodar folk til å melde frå om dårlege gjerde og sende kartutsnitt og bilde av desse, når dei ferdast i skog og mark. Dette gjerdet som står nedanfor Jutulporten, er godkjent.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Det er mange meter med dårlege gjerde i inn- og utmark. Fleire stader har gjerdet ikkje lenger nokon funksjon og står til nedfalls, seier Per-Ivar Weydahl.