Jan-Øyvind og Mary gjorde «kål» på grønkålen

Mary Øyen og Jan-Øyvind Gudbrandstuen serverte smakfull grønkålsupe til brukarane på Vågåheimen onsdag, som eitt av fleire resultat av plantegåva frå Statsforvaltaren i Innlandet.

Grønkål: Før kålen kan brukast i maten må den fyrst haustast. Mary Øyen og Jan-Øyvind Gudbrandstuen gler seg på å lage mat av både knutekål, brokkoli, hovudkål og andre kålplantar i tida framover.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

I starten av juni fekk Vågåheimen og andre sjukeheimar i Innlandet tildelt eit brett med 24 ulike kålplantar frå Statsforvaltaren i Innlandet. Dette var ei gåve til kommunane som takk for god innsats og godt samarbeid gjennom koronapandemien.