– Ikkje la deg lure

Ei kvinne frå Ottadalen vart nyleg lurt av ein sms frå det ho trudde var Vipps. Det var det ikkje.

Svindel: – Ein må ein aldri gje ut personinformasjon via slike linkar, åtvarar politioverbetjent Rolv Atle Mallaug.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Trass i at det såg ut som meldinga kom frå Vipps, med logo og alt: Det var svindel.

I sms-en stod det at kvinna måtte gå inn og sikre vippskontoen sin. Det var lagt ved ein link, der ein skulle leggje inn personinformasjon.

Kvinna gjekk på limpinnen, og har nå politimeldt bedrageriet.

– Ein må ein aldri gje ut personinformasjon via slike linkar. Svindlarane blir stadig dyktigare, dei spelar på tidspress og det er i det heile fort gjort å la seg lure, seier politioverbetjent Rolv Atle Mallaug.

Han fortel at han har prata med fleire som har fått liknande meldingar dei siste dagane.

– Hugs at bankar, Telenor og andre seriøse aktørar aldri vil be deg om personopplysningar via sms, epost eller telefon. Trykk ikkje på slike linkar, åtvarar Mallaug.