Solid skyting av Tor Gaute

Skyttarkongen frå 2018, Tor Gaute Jøingsli, fekk 348 poeng som beste skyting under Jotunheimtreffen.

Sesongstart: Jotunheimtreffen vart årets sesongstart for Tor Gaute Jøingsli og dei andre skyttarane som deltok i stemnet.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Det er godt å vere i gang att. Det ser ut til at eg er der ein skal vere skytemessig, sa Tor Gaute Jøingsli etter at han var ferdig med skytinga i Vågå under Jotunheimtreffen som vart arrangert 29. juni til 4. juli.