Heimkjærbilen 2021 er på vegen

Tysdag kunne folket i Fjuken ta i bruk den nye «Heimkjærbilen», ein elektrisk Citroën ê-C4.

Elektrisk: Fjukenjournalist Arve Danielsen ser fram til å køyre elbil eit halvår før ein heldig vinnar tek over bilen utpå nyåret i 2022. Magne Mork og Knut Grev hjå Skogen Bil i Vågå er glade for at bilen endeleg er levert.  Foto: Terje Randen

Nyheiter

Det er fjerde året lokalavisa skal trekke ut ein heldig vinnar til å køyre «gratis ny bil».

For å bli med i trekkinga må ein levere inn eit gratislodd eller skanne ei såkalla QR-kode når ein handlar i lokale butikkar.

Med bakgrunn i pandemien er det mange bransjer som har lange leveringstider om dagen, slik er det også i bilbransjen.

Det er over eit halvår sidan den nye Heimkjær-bilen var bestilt.

Kampanjen heitte tidlegare «E handla lokalt», men skifta namn dette året.

Stuttreist er i fokus om dagen; Eidefoss og Skjåk Energi er med som Heimkjærsponsorar og skal stå for det som er «på tanken».

Coop Ottadalen og Sparebank1 Lom og Skjåk er også sponsorar.