Åtte førelegg for høg fart og ulovleg mobilbruk

Utrykkingspolitiet (UP) gjennomførte trafikkontroll på riksveg 15 onsdag.

Førelegg: Det vart skrive ut i alt åtte førelegg da UP hadde trafikkontroll i Vågå onsdag.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Politiet i Innlandet melder onsdag ettermiddag at UP har gjennomført trafikkontroll på riksveg 15 i Vågå.

Det vart skrive ut seks forenkla førelegg for høg fart. Høgaste hastigheit som vart målt under kontrollen var 107 km/t i 80-sone.

I tillegg vart det skrive ut to førelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon bak rattet. Satsen her er 5.000 kroner, samt tre prikkar i førarkortet.


Alle satsar aukar frå nyttår: 5.000 kroner i førelegg for mobilbruk

Førelegget for ulovleg bruk av mobiltelefon eller anna elektronisk utstyr medan ein køyrer bil, blir nesten tredobla frå 1. januar 2021. Satsane for alle forenkla førelegg aukar frå nyttår.