– Dette er ikkje ei sak ein brukar ei eller to stemmer i overvekt til å trumfe gjennom.

Vågå kommunestyre vedtok torsdag å avslutte prosessen med Sel, nokre månader etter at Sel takka ja til invitasjonen frå Vågå om byggje ei ny politisk plattform med mål om slå saman dei to kommunane.  

– Ei slik saka må ha eit godt forankra politisk fundament for å køyre prosessen, sa Hans Petter Vaberg (Bygdalista) da kommunestyret torsdag vedtok å avslutte prosessen med Sel. SP fekk kritikk for utspel i media om at dei ville skrinlegge prosessen.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I desember i fjor vedtok eit samrøystes kommunestyre å invitere dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen til ein prosess der målet var å byggje ei ny kommune. Berre Sel kommune takka ja til invitasjonen.