Spenstig byggjeprosjekt på Raubergstulen

– Eg tykkjer det er svært spennande at einkvan ynskjer å prøve ut utradisjonelle måtar å byggje på.

Ny spisesal: Raubergstulen turisthytte har planar om å føre opp eit svært utradisjonelt tilbygg som ny spisesal på turisthytta.  Foto: Skjermbilde/Jensen & Skodvin arkitektkontor

Nyheiter

Det sa ordførar Bjarne Eiolf Holø da formannskapet tysdag vedtok å gje Raubergstulen dispensasjon frå føresegnene til kommunedelplan for Galdesand – Raubergstulen for å føre opp eit tilbygg som ny spisesal.