Kari Elin syklar på rv15 med livet som innsats: Etterlyser bygginga av gang- og sykkelveg

Kari Elin Sperstad i Bråtå syklar rv15 til og frå arbeid i Bismo med livet som innsats. Nå etterlyser ho vedtak eller framdriftsplan på bygginga av gang- og sykkelvegen i Nordberg, som var med i NTP/Handlingsprogram 2010-2014, men som ikkje vart prioritert.

– Utrygt! Kari Elin Sperstad som bur i Bråtå, syklar ofte riksveg 15 til og frå arbeid i Bismo. – Det er med livet som innsats! Kvar vart det av gang- og sykkelvegen vi skulle få i Nordberg, undrar syklisten.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Per dags dato er det bygt gang- og sykkelveg frå Dønfoss til Circle K-stasjonen i Nordberg. Dette er ei strekning på knapt ein kilometer. Da står det enda att over fem kilometer til Bukkeodden bru, seier Kari Elin Sperstad i Skjåk.