Konfirmantbryllaup i Skjåk

Nyleg samla dei kyrkjelege konfirmantane frå 9. klasse i Skjåk, saman med foreldre eller andre i familien, seg i Skjåk kyrkje for eit konfirmantbryllaup.

Vigsel: Kåre prest «vier» Frøya Gjeilo og Jehans Bakken Øjeskog. Forlovarar er Sara Hyrve Bosmen og Marius Jevnheim Bakkom.  Foto: Unn Katrin Banken

Nyheiter

Alle konfirmantane hadde kvar sine rollar: brudgommen var Jehans Bakken Øjeskog, som skulle «gifte» seg med brur Frøya Geilo. Forlovarane var Marius Jevnheim Bakkom og Sara Hyrve Bosmen. Dei andre konfirmantane hadde andre oppgåver som blant anna foreldre til brudeparet, tekstlesar kyrkjevert, kyrkjetenar, straumar og journalist.