MEINING:

Senterpartiet vil ha ein breibandmilliard nå

Nyheiter

Dette var overskrifta på den resolusjonen som Oppland SP vedtok på fylkesårsmøtet vårt i 2017, og nå er dette ein realitet. Senterpartiet har i sine alternative statsbudsjett sidan 2017 satsa 500 millionar kroner til breiband, men på landsmøtet nå i 2021 vedtok vi å «Sikre heile landet si befolkning tilgang til raskt breiband (minimum 100 Mb/s symmetrisk breibandkapastiet), og innføre offentleg leveringsplikt for breiband i dei områda der det ikkje er grunnlag for kommersiell utbygging». Senterpartiet vil sikre den digitale allemannsretten med ei satsing på 4 milliardar kroner på fire år.

Vi sa da, det som er like aktuelt nå, at alle skal ha like moglegheiter uansett kvar i landet dei bur. I dagens teknologisamfunn er folk avhengige av godt breiband for å kunne leve og virke. God infrastruktur er ei forutsetning for at ressursar i heile landet skal takast i bruk. Begrepet den digitale allemannsretten må fyllast med innhald.

Det er viktig å få til eit godt samarbeid mellom industri, myndigheiter og fagbevegelsen om digitalisering. Ny teknologi forandrar måten næringslivet og det offentlege arbeider på og måten innbyggarane samspelar med det offentlege. Kommunal sektor er avhengig av å lykkast med digitalisering. Andre tenesteområde som ligg til rette for digitalisering er transport, driftsinnsparing innanfor energi, eigedomsforvaltning og renovasjon.

Gode elektroniske kommunikasjonsmoglegheiter er avgjerande for at stadar skal vere attraktive for næringslivet, innbyggarane og fritidsbebuarane i ei verd med aukande digitalisering.

I 2016 var den statlege delen av støtte til breibandutbygging på 138,7 millionar kroner. Nå for 2021 løyvde regjeringa 264 millionar kroner, og Frp har nå forhandla inn 100 millionar kroner ekstra. Det er bra, men det monnar ikkje med det tempoet som både regjeringa og tidlegare finansministerparti, Frp, har hatt. Det tek altfor lang tid å nå akseptabel breibanddekning!

Våre gode naboar i aust, Sverige, brukar 1,4 milliardar svenske kroner kvart år på breibandutbygging. Helge Njåstad (Frp) er sitert på at «Nå er det slutt på at deler av Norge blir nedprioritert av byråkratane i Oslo». Det er jo ikkje byråkratane som vedtak statsbudsjettet, men Stortinget. Så langt med det stortingsfleirtalet vi har i dag har det ikkje vore vilje til å løyve nok pengar til breibandutbygging. Mantraet har vore at marknaden skal fikse dette.

I Innlandet har det no vore bygd ut breiband for fleire hundre millionar dei siste åra, og det er på tross av regjeringa og ikkje på grunn av. Her har kommunane sjølve og fylkeskommunen teke det absolutt største løftet. Senterpartiet og Arbeiderpartiet i Innlandet meiner at vi skal ha som mål 100 prosent dekning og dette skal opp i fylkestinget i juni. Nå vil Senterpartiet at staten må sterkare på bana for å sikre den digitale allemannsretten og da må det både vilje og pengar til!