Søket etter sakna held fram gjennom helga: – Sjekk hus, hytter og uthus

Politiet held fram søket etter den sakna Emil Magnus Edvardsson (29) frå Oslo gjennom helga.

Søket held fram: Politiet ber hytteeigarar i områda Heidal, Flatningen, Lemonsjøen, Sjodalen og Tesse spesielt om å sjekke sine hytter og uthus. Politiet oppmodar også alle fastbuande i Heidal og Vågå kommune til å sjekke hus og uthus. Søket etter sakna Emil Magnus Edvardsson frå Oslo held fram gjennom helga.  Foto: Arve Danielsen/Arkiv

Nyheiter

Edvardsson vart meld sakna etter ein fjelltur i Heidal 1. juni.

Politiet ber nå hytteeigarar i områda Heidal, Flatningen, Lemonsjøen, Sjodalen og Tesse spesielt om å sjekke sine hytter og uthus. Politiet oppmodar også alle fastbuande i Heidal og Vågå kommune til å sjekke hus og uthus.

Politiet ynskjer at personar som kan ha sett den sakna, spor etter den sakna, eller har andre opplysningar i saka, om å ta kontakt på telefonnummer 62 53 90 00 eller 02800.

Emil Magnus Edvardsson vart meld sakna etter ein tur på fjelltoppen Gråhøe i Vågå kommune for over ei veke sidan.

– Politiet har sett inn store ressursar på å finne mannen, og har fått uvurderleg bistand frå friviljuge organisasjonar og andre etatar. Politiet er imponert over dei friviljuge leitemannskapa, som har bidrege til godt søksarbeid over lang tid, opplyser Innlandet politidistrikt.

Edvardsson er omtrent 178 cm høg, slank og har brunt hår. Han er iført oransje shorts, kvit mønstra t-skjorte og mogleg caps, samt Nike joggesko. Han har mogleg ein blå/turkis behandlingsteip på det eine kneet.

Sakna er i god fysisk form og kan ta seg langt.

Sakna: Emil Magnus Edvardsson (29) er frå Oslo. Han er omtrent 178 cm høg, slank og har brunt hår.   Foto: Privat