Startar elsykkel-utleige i Skjåk

– Elsykkel er i tida, seier Kjell Lundemo og Tea Karoline Mork i Naturopplevingar AS. Dei har kjøpt ein butikk-konteinar i Skjåk og investert 700.000 kroner i syklar.

Utvidar: Kjell Lundemo og Tea Karoline Mork i Naturopplevingar AS tilbyr nå elsykkel-utleige i Skjåk. Dei har kjøpt butikk-konteinaren på Bruvoll, der dei skal drive utleige av utstyr til både turistar og bygdefolk.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– I heile verda er det elsykkel-problematikk, i form av at det er vanskeleg å få tak i syklar. Det er lengje sidan vi bestilte elsyklane, men vi får dei ikkje før i slutten av juli. Heldigvis kasta leverandøren vår seg rundt og greidde å oppdrive andre type syklar til oss, enn så lengje, seier Kjell Lundemo.