Ny CD frå Jutullaget

Jutullaget som er ei av dei aller mest aktive gammaldansgruppene i landet, har spela inn ny CD. 

Jutullaget: Gamaldansgruppa Jutullaget har spela inn ny CD.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Dette blir den femte plata frå Jutullaget. Plata vil få tittel «Kvitbrille» og vil bli ei plate med reindyrka dansemusikk. Her tolkar og spelar Jutullaget tradisjonsstoff dei har etter eldre spelemenn, hovudsakleg frå Ottadalen.