Lastebil av vegen i Skjåk

Alle naudetatane rykka ut etter å ha fått melding om ein lastebil som har køyrd ut av vegen i Skjåk onsdag ettermiddag.
Nyheiter

Politiet fekk cirka klokka 15 onsdag ettermiddag melding om ei såkalla «singelulykke» på riksveg 15 i Skjåk.

– Ein lastebil har køyrd ut av vegen om lag åtte kilometer vest for Dønfoss. Føraren er ute av bilen, opplyser operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt til Fjuken ved 15-tida onsdag.

Alle naudetatar har rykka ut til ulykka.

– Politiet har rykka ut frå Otta og er ikkje framme ennå, så vi veit ikkje meir om korkje skadeomfang eller anna, seier operasjonsleiaren.

Rett før klokka 16 kunne politiet i Innlandet opplyse om at lastebilen ligg på sida utanfor vegen, og at føraren ikkje er skadd.

Trafikken kan i fylgje politiet passere ulykkesstaden i eitt køyrefelt.