Kjeveortoped på plass på Otta - vil spare ottadølar for timevis med køyring

Innlandet fylkeskommune har nå fått på plass ein kjeveortoped på Otta tannklinikk tre dagar i månaden. Tilbodet vil truleg bli utvida etter kvart.

Betre tilbod: Det er nå på plass ein kjeveortoped på Otta tannklinikk tre dagar i månaden. Dette gjer at ottadølane slepp å køyre til Lillehammer, Gjøvik eller Hamar.   Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Fram til nå har ottadølane måtte køyre heilt til Lillehammer, Gjøvik eller Hamar for å koma seg til ein kjeveortoped. Både Innlandet fylkeskommune og fylkespolitikarane har lenge arbeidd med å få til ei betre løysing, slik at ein slepp å ta seg fri ein heil dag for å koma seg til kjeveortoped for konsultasjonar og behandling.