Ingen fleire smitta i Lom

Det er framleis berre éin stadfesta koronasmitta i Lom kommune.
Nyheiter

Kriseleiinga i Lom kommune opplyser onsdag ettermiddag at kommunen ikkje har fått stadfesta fleire smitta dei to siste dagane, noko som betyr at det framleis er berre éin stadfesta koronasmitta i Lom.

I fylgje kriseleiinga er ni personar i karantene. Ventekarantenen er oppheva.


Smittetilfelle i Lom - 13 nærkontaktar i karantene

Lom kommune har i helga fått stadfesta éin smitta etter hurtigtest.