Utvider søket etter Emil

Det er ikkje funne spor etter mannen som vart borte i området Gråhø/Lemonsjøen 1. juni.

Sakna: Emil Magnus Edvardsson (29) er frå Oslo. Han er omtrent 178 cm høy, slank og brunt hår. Han er iført rustraud shorts, kvit mønstra T-skjorte, mogleg caps og Nike joggesko.   Foto: Privat foto

Nyheiter

Innlandet politidistrikt ber publikum i Sogn, Nordfjord og Møre og Romsdal politidistrikt om hjelp i eit utvida søk etter den sakna Emil Magnus Edvardsson (29). Edvardsson har vore sakna sidan tysdag kveld den 1. juni. Han gjekk på tur frå eit hyttefelt i Heidal og målet var fjelltoppen Gråhøe ved Lemonsjøen. Han er ikkje kjent i området.

Politiet opplyser at Edvardsson til vanleg brukar stemningsstabiliserande medisinar som han nå ikkje har tilgang på. Han kan derfor framstå som redd og kan forsøke å gøyme seg.

Tidlegare har politiet i Innlandet bede hytteeigarar om å sjekke uthus, anneks og eigedomane sine i området.

Nå blir bede det om ytterlegare hjelp frå publikum i retning nordvest og innover i Møre og Romsdal og vest mot Nordfjord og Sogn.

Politiet ber folk som har hytte eller eigedom i området om å ta ein ekstra sjekk. Folk som er på tur i området blir bedne om å vera ekstra observante og sjå etter den sakna. (NRK)