Tidlegare Skjåk-rådmann omkom i bilulykke

Bilen mannen køyrde hamna i Jakobselva i Vadsø kommune.
Nyheiter

Det var 67 år gamle Jack Sture Hansen Muotka som døydde i samband med ulykka der ein bil hamna i Jakobselva i Finnmark fredag.

NRK Troms og Finnmark skriv at vitne skal ha sett at bilen hamna i vatnet i nærleiken av brua som går over Vestre-Jakobselv, for så å ha vorte teken av strømmen.

Politiet etterforsker ulykka og mannen vil bli obdusert.

Jack Sture Muotka var rådmann i Skjåk i tidleg på 1990-talet. Han vart seinare rådmann i Nesseby og Sør-Varanger.