Smittetilfelle i Lom - 13 nærkontaktar i karantene

Lom kommune har i helga fått stadfesta éin smitta etter hurtigtest.
Nyheiter

Det er kriseleiinga i Lom kommune som opplyser dette måndag ettermiddag.

I fylgje kommunen er 13 nærkontaktar sett i karantene, og ein del sit i ventekarantene i påvente av prøvesvar.

Den smitta er knytt til Juvasshytta og det er kjent smitteveg, opplyser kriseleiinga i Lom kommune.

Smittesporingsarbeid pågår og kommunen kjem attende med meir informasjon fortløpande.