Bjørn skoten i Vågå

Bjørnen som vart observert i Vågå laurdag er skoten.
Nyheiter

Bjørn tok sau i Vågå – fekk fellingsløyve med ein gong

Ein bjørn vart observert oppå ei søye i Dalgrove øvst i Skogbygda laurdag kveld. Det vart gjeve fellingsløyve med ein gong og nå er det kommunale jaktlaget i gang med å jakte på bjørnen.


Ein bjørn er skoten ved Borgasætra i Vågå kommune.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 00.46 natt til måndag.

– Bjørnen vart formentleg skoten i naudverge da den angrep sau. Statens naturoppsyn (SNO) rykka ut og starta søk etter bjørnen, og den vart etter stutt tid funnen daud. Kriminalteknikarar frå politiet er på veg og vil undersøke åstaden. Politiet jobbar for å kartlegge hendinga, heiter det i ei melding frå Politiet i Innlandet.