Olavsong i Utgard: Stemningsfullt samspel av høg klasse

Konsert til tusen! Bjørn Kåre Odde har skrive bestillingsverket til 1000-årsjubileet sidan Heilag-Olav kom til dalen. Urframføringa i Utgard var stemningsfull og baud på musikk av høg klasse.

Olavsong: Eit stjernelag av musikarar gjorde konserten «Olavsong» til ei stor musikalsk oppleving i Utgard laurdag kveld. Fremst står Aslak Brimi, songarane Malin Alander og Mari Midtli. Strykekvintetten bestod av Sander Tingstad på fele, Bjørn Kåre Odde på fele, Elin Marie Christensen på bratsj, Ida Malene Christensen på cello og Jon Åsnes på kontrabass (skjult bak Brimi). Ronny Kjøsen heilt til venstre, trakterte tangentar og trekkspel.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I 1021 kom Olav Haraldsson – seinare Olav den Heilage, over fjellet til Skjåk og Lom for å få folk i bygdene til å ta til seg Kristendomen.