Sjå kven som er vekas jubilant

«Vekas jubilant» er ein gut som har fylt 8 år.
Nyheiter

Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Håkon Flatum Moen i Vågå, som fylte 8 år den 4. juni.

Saka held fram under bildet.

Jubilant Håkon Flatum Moen fylte 8 år den 4. juni.  Foto: Privat

Håkon vart gratulert av Adrian, Mari, pappa og mamma.

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.