Innfører flyforbod i området rundt Flatningen

Politiet har innført flyforbod med utgangspunkt i fjellvatnet Flatningen i Vågå.

Flyforbod: Det er innført flyforbod opp til fem tusen fot og ein radius på fem nautiske mil ved Flatningen, som ligg midt i bildet. Fremst er Melingen.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Flyforbodet gjeld opp til fem tusen fot og med ein radius på fem nautiske mil.

Operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt skriv at forbodet er innført på grunn av leiteaksjonen etter den sakna mannen, og aktivitet med drone og eiga fly i søket.

Flatningen ligg nedunder Gråhøe, fjelltoppen som mannen gjekk tur til tysdag kveld.