Dagtilbodet for heimebuande demente er 20 år: Har fått nytt aktivitetstilbod av demensforeininga

Dagtilbodet for heimebuande demente starta som eit pilotprosjekt i 2001. Nå har Demensforeininga kjøpt «sykkel» som ny aktivitet. Ei gåve som blir sett stor pris på.

Gåve: Vågå Demensforeining har kjøpt inn to Motiview-syklar. Den eine har dagtilbodet i Sjårdalen fått, den andre er plassert på Vågåheimen. Her er det Torill Nystuen Reiermo som prøver den nye aktiviteten, medan Inge Brenden, Kai Valbjør, Tove Kleiven Sagdalen, Bodil Sagsletten og Eva Synslien følgjer med på sykkelturen oppover vegen mot Tesse. Sagdalen og Sagsletten set stor pris på gåva av denne teknologiske sykkel, og som i tillegg til sosial effekt vil gje fysisk og mental helsegevinst.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Demensforeininga i Vågå var ein av pådrivarane til at dagtilbodet for heimebuande demente vart starta i 2001, der Vågå var ei føregangskommune i dette arbeidet.