Restriksjonar på hagevatning i Lom: Fire timar vatning annakvar dag

Med bakgrunn i stort vassforbruk og omfattande hagevatning må Lom kommune innføre restriksjonar på hagevatning. Restriksjonane gjeld for abonnentar som er tilknytt Lom vassverk.

Hagevatning: Lom kommune innfører restriksjonar på hagevatning.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Det er Lom kommune som melder om at det blir innført restriksjonar på hagevatning. Dette gjer kommunen for å sikre vassforsyninga til alle, og for å kunne takle eventuelle akutte hendingar.

Som i Bismo, der det også er innført vatningsrestriksjonar, er det husnummeret som bestemmer kva for dag ein kan vatne i Lom. På datoar med oddetal er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med oddetal, og på datoar med partal er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med partal.

Det er på vatningsdagane tillate å vatne i tidsrommet 19.00-23.00, og det er tillate å bruke berre éin spreiar.

Lom kommune ber om at ein fylgjer restriksjonane, og opplyser at dersom desse tiltaka ikkje er tilstrekkeleg, kan det bli innført strengare reglar.

Vatningsrestriksjonane i Lom gjeld i perioden 5. juni-31. august.


Vatningsrestriksjonar i Bismo

Tysdag denne veka vart det innført vatningsrestriksjonar i Bismo.