Regjeringspartia snur: Høgre, KrF og Venstre sikrar oppstart av ny strynefjellstunnel

Kraftig press frå næringsliv, reiseliv og eit tverrpolitisk krav lokalt og regionalt har gitt resultat: Regjeringspartia legg no inn oppstartsmidlar til ny strynefjellstunnel i første periode av Nasjonal Transportplan.

Tunnel: Tunnelane er låge og smale og gir knapt plass til at to vogntog kan møtast i krabbefart.  Foto: HANNAH SOFIE FLATEN

Nyheiter

Det eine partiet etter det andre har dei siste dagane gått ut med klare lovnader om å få Strynefjellsvegen inn i Nasjonal Transportplan. Torsdag ettermiddag sendte regjeringspartia Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre ut felles pressemelding der dei fortel at regjeringa legg inn 500 millionar kroner til oppstart av ny lang tunnel på rv 15 Strynefjellet i første periode av Nasjonal Transportplan 2022-2033, med fullfinansiering i andre del av NTP-perioden.