Politiet ber hytteeigarar om å sjekke eigedomen sin

Søket etter den sakna Emil Magnus Edvardsson pågår for fullt i området rundt Gråhøe/Heidal. Politiet ber nå hytteeigarar om å sjekke uthus, anneks og eigedommen sin.

Gråhøe: Emil Magnus Edvardsson har vore sakna sidan tysdag kveld da han gjekk tur til fjelltoppen Gråhøe i bakgrunnen.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I ei pressemelding skriv politiet at den sakna brukar til vanleg stemningstabiliserande medisinar som han nå ikkje har tilgang på.

– Han kan difor framstå som redd og kan forsøke å gøyme seg, skriv politiet.

Politiet ynskjer at hytteeigarar i fjellregionen i Gudbrandsdalen tek ein ekstra sjekk på eigedomen sin i helga.

Personar som har sett den sakna eller har opplysingar i saka, kan ta kontakt på telefon 62 53 90 00 eller 02800.

Emil Magnus Edvardsson har vore sakna sidan tysdag kveld da han gjekk tur til fjelltoppen Gråhøe.

Sakna: Emil Magnus Edvardsson.  Foto: Privat

Han er omtrent 178 centimeter høg, slank og brunt hår.

Shorts: Den sakna hadde på seg denne shortsen da han forsvann.  Foto: Privat

Han har på seg oransje shorts, kvit mønstra T-skjorte og mogleg caps, samt Nike joggesko. Han har truleg ein blå/turkis behandlingsteip på det eine kneet.

Den sakna er i god fysisk form og kan ta seg langt.

SISTE: Politiet presiserer at farga på shortsen ikkje er oransje, men rustraud.