Personen som var sett i Skjåk er sjekka ut av saka

Politiet har konkludert med at personen som var sett i Skjåk fredag ettermiddag, er ein annan enn mannen som er sakna i Vågå og Sel. Personen i Skjåk er sjekka ut av saka.
Nyheiter

Det var fredag ettermiddag at politiet fekk tips om observasjon av ein mann ikledd oransje shorts, kvit t-skjorte og svart caps i Skjåk.


Mann med liknande klede som den sakna observert i Skjåk

Politiet fekk fredag ettermiddag tips om observasjon av ein mann ikledd oransje shorts, kvit t-skjorte og svart caps i Skjåk. Det blir undersøkt om dette kan ha ein samanheng med søket etter den sakna mannen i Vågå og Sel.


Politiet har undersøkt om dette kunne ha ein samanheng med søket etter den sakna mannen i Vågå og Sel. Det var det ikkje.

Personen i Skjåk er sjekka ut av saka.

Politiet presiserer at shortsen til mannen som er sakna etter ein fjelltur til Gråhø tysdag kveld, ikkje er oransje ,men rustraud.