Ordføraren om forhandlingane med Sel: – Ikkje noko som skal skje snøgt

Ordførar Harald Sve Bjørndal og forhandlingsutvalet Vågå og Sel er bekymra over at folk har ei oppfatning av at dette er ein prosess som går over hovudet på dei.

Forhandlingsutvalet: Alle dei fire politiske partia i Vågå er representert i forhandlingsutvalet om kommunesamanslåing Vågå og Sel. Utvalet består av varaordførar Live Langøygard (Ap), Svein Holen (SV) ordførar Harald Sve Bjørndal (Bygdalista) og Anders Gustav Bjørnsen (SP).  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Det skal ikkje vere slik at folk skal opne avisa ein dag og lese at Sel og Vågå har vorte ei kommune, sa Bjørndal under ei orientering i kommunestyret.