Mysteriet med «makkestokken» er løyst

Innhaldet i «makkestokken» er avslørt.

500 år: Denne treboksen kan vera 500 år gamal.  Foto: Secrets of the ice

Nyheiter

I 2019 fann brearkeologane ein liten treboks med skuvlokk på isen på Lendbrean. Eit mystisk innhald vart avdekt da arkeologane hadde av lokket.

– Vi lurte veldig på kor gamla boksen var og kva slag tre som var brukt. Men det vi lurte aller mest på var sjølvsagt kva det var som låg inni boksen, seier arkeologane.

Nå er endeleg innhaldet analysert, på Kulturhistorisk Museum i Oslo. Analysen gav ei skikkeleg overrasking. Det er bivoks! Det ein kan sjå nede i esken er høgst truleg restar av et ljos av bivoks.

Skrinet er laga av furu og er datert til 1475-1635 e.Kr,, altså heilt på slutten av middelalder eller litt seinare.

Tilsvarande esker med ljos er kjent frå nyare tid her i Noreg. Dei vart brukt til å transportere ljos mellom garden og setra. Dei blir difor kalla «ljosstokk».

Nå veet ein at denne tradisjonen går langt attende i tid. Det passar godt med det vi veit om bruken av ruta over Lendbrean. Folk brukte blant anna denne ruta for å koma til og frå setra.

Voks: Innhaldet i dette skrinet er laga av bivoks, truleg var det eit ljos.  Foto: Secrets of the ice