Mann med liknande klede som den sakna observert i Skjåk

Politiet fekk fredag ettermiddag tips om observasjon av ein mann ikledd oransje shorts, kvit t-skjorte og svart caps i Skjåk. Det blir undersøkt om dette kan ha ein samanheng med søket etter den sakna mannen i Vågå og Sel.
Nyheiter

Personen som vart observert i Skjåk fredag kom opp frå skogen ved Vollungsbrua på riksveg 15. Mannen var ikledd oransje shorts, kvit t-skjorte og svart caps.

Politiet opplyser at dei nå undersøkjer om observasjonen kan ha samanheng med søket etter sakna Emil Magnus Edvardsson i Vågå og Sel.

Politiet ynskjer tips om eventuelle nye observasjonar, eller at den som har vore i nærområdet tek kontakt med politiet.


Politiet ber hytteeigarar om å sjekke eigedomen sin

Søket etter den sakna Emil Magnus Edvardsson pågår for fullt i området rundt Gråhøe/Heidal. Politiet ber nå hytteeigarar om å sjekke uthus, anneks og eigedommen sin.



Går ut med namn og bilde av sakna mann - politiet ynskjer tips

I samråd med pårørande har politiet torsdag føremiddag gått ut med namn på og bilde av mannen som har vore sakna sidan 1. juni, etter ein tur på fjelltoppen Gråhøe i Vågå. Politiet ynskjer tips i saka.