Solid resultat for Vågå i 2020: – Godt fundament for framtida

Vågå kommune hadde i 2020 eit mindreforbruk på 14,2 millionar kroner. – Resultatet er eit godt fundament for framtida, sa kommunedirektøren da kommunestyret vedtok rekneskap og årsmelding for 2020.

Godt resultat: Kommunedirektør Jan Egil Fossmo gav ros til kommunestyret som har sett tæring etter næring, og som har bidrege til det gode resultatet i Vågå kommune i 2020.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Hadde vi ikkje hatt eit kommunestyre som sett tæring etter næring, hadde vi ikkje vore i situasjonen vi er i nå, sa kommunedirektør Jan Egil Fossmo til politikarane.