Går ut med namn og bilde av sakna mann - politiet ynskjer tips

I samråd med pårørande har politiet torsdag føremiddag gått ut med namn på og bilde av mannen som har vore sakna sidan 1. juni, etter ein tur på fjelltoppen Gråhøe i Vågå. Politiet ynskjer tips i saka.

Sakna: Den sakna er 29 år gamle Emil Magnus Edvardsson frå Oslo. Politiet går ut med namn og bilde av den sakna, i samråd med pårørande.  Foto: Privat

Nyheiter

Mannen som er sakna er 29 år gamle Emil Magnus Edvardsson frå Oslo. Det er i samråd med pårørande at politiet går ut med namn og bilde torsdag føremiddag.

Edvardsson gjekk på tur tysdag kveld, frå eit hyttefelt i Heidal i Sel kommune, og målet var fjelltoppen Gråhøe i Vågå kommune.

Emil Magnus Edvardsson er om lag 178 centimeter høg, kraftig bygd og har brunt hår. Han er iført oransje shorts, kvit mønstra t-skjorte, og mogleg caps, samt Nike joggesko. I fylgje politiet har den sakna mogleg bandasje på det eine kneet.

Den sakna er i god fysisk form og kan ta seg langt.

– Politiet ber alle i Gudbrandsdalen, omliggjande fjell og sørover på Austlandet vera observante på ein einsleg mann som kan stemme med beskriving og bilde. Den sakna er ikkje kjend i området. All observasjon på eller utanfor veg ynskjer politiet informasjon om, opplyser Innlandet politidistrikt i ei pressemelding, og legg til at vêret og framtidsvarselet for området er bra.

Politiet ynskjer at personar som kan ha sett den sakna, eller som har opplysningar i saka, tek kontakt på telefonnummer 62 53 90 00 eller 02800.

Store styrker har leita etter den sakna turgåaren sidan tidleg onsdag morgon, utan resultat.