Ynskjer kontakt med ein mann som gjekk i retning skiheisen

Politiet ynskjer å koma i kontakt med ein mann som vart observert gåande i Fjellvegen mot hyttefeltet Lemonfeltet og skiheisen på Lemonsjøen cirka klokka 24.00 seint tysdag kveld.

Sett gåande mann: Politiet ynskjer kontakt med ein mann som var sett gåande i Fjellvegen i retning skiheisen på Lemonsjøen ved midnatt, natt til onsdag.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Søket etter den sakna mannan i området rundt Gråhøe pågår med store styrker.

Politiet opplyser at den sakna mannen er i god fysisk form og kan ta seg langt. Han er ikkje kjent i området.

Politiet ynskjer informasjon om observasjonar i området.

Den 29 år gamle mannen er cirka 178 centimeter høg, kraftig bygd og med brunt hår.

Han var iført oransje shorts, kvitmønstra T-skjorte, mogleg caps og Nike joggesko da han la ut på tur tysdag kveld. Han har mogleg bandasje på eine kneet.

Politiet ynskjer å koma i kontakt med ein mann som vart observert gåande i området, cirka klokka 24.00 seint tysdag kveld.

Han gjekk i Fjellvegen mot hyttefeltet Lemonfeltet og skiheisen. Politiet ber vedkommande ta kontakt.

Politiet ber alle i Gudbrandsdalen og omliggjande fjell vere observante på ein einsleg mann som kan passe på skildringa av klede og utsjånad.