Vatningsrestriksjonar i Bismo

Tysdag denne veka vart det innført vatningsrestriksjonar i Bismo.

Vatning: Vatningssesongen er i gang. Som tidlegare år er det i Bismo nå innført vatningsrestriksjonar, som gjeld fram til 31. august.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Sol, varme og sommar er vatningstid. Som tidlegare år har Skjåk kommune nå innført vatningsrestriksjonar i Bismo.

Restriksjonane inneber at husnummer med partal kan vatne på datoar med partal, og husnummer med oddetal kan vatne på oddetalsdato. Vatningsrestriksjonane inneber også at private bustader kan nytte berre éin spreiar i hagen.

– Ved brot på restriksjonane kan det påleggjast eit straffegebyr på 1.000 kroner, opplyser Skjåk kommune.

Vatningsrestriksjonane i Bismo vart innført tysdag 1. juni, og gjeld fram til 31. august.

Kommunen har sendt ut melding til husstandane.