Nytt prosjekt frå Norsk Smaksskule: Nå er det dei eldre sin tur

Dei ni siste åra har Norsk Smaksskule formidla kunnskap og matglede til barn og unge. Nå er det dei eldre i Nord-Gudbrandsdalen sin tur.

Matglede for eldre: Sidan 2012 har Norsk Smaksskule formidla kunnskap og matglede til barn og unge.– Vi har heile tida hatt ein draum om å få til noko for den eldre generasjonen, seier prosjektleiar Tor Valdvik. Nå blir det snart opplegg for dei eldre i Nord-Gudbrandsdalen. Her saman med Arne Brimi, idémakaren bak smaksskulen.   Foto: Privat

Nyheiter

– Norsk Smaksskule har hatt aktivitetar knytt til smak og mat for barn og unge sidan 2012. Vi har heile tida hatt ein draum om å få til noko for den eldre generasjonen. Difor er det utruleg spennande at vi nå kan starte opp aktivitetar også for seniorar, seier prosjektleiar for smaksskulen, Tor Valdvik.