– Å slå saman Vågå og Sel er oppskrifta på bygdekrangel til evig tid

– Ei samanslåing mellom Sel og Vågå betyr døden for Vågåmo som kommunesenter og på sikt vil det også vere negativt for Otta.

Ei katastrofe: – For Vågåmo som kommunesenter vil ei samanslåing med Sel vere ei katastrofe, seier Per Gunnar Stensvaag. Nå har han gjeve ut boka «Kaosreformene», ei bok som tek for seg prosessane som førte til samanslåing av kommunar og fylke. Tryslingen har dei siste åra reist land og strand rundt i samband med kommune- og regionreforma og har så langt halde 118 føredrag om temaet. Han kjem gjerne til Vågå.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det seier Per Gunnar Stensvaag, pensjonert flykaptein i SAS og aktiv samfunnsdebattant med spesielt engasjement mot sentralisering.