Rår Vågå til å gå inn med ytterlegare 5 millionar i slakteri

Det manglar 7 millionar kroner i eigenkapital for å realisere planane om industribygg til slakteriverksemd i Sel.  Vågå kommunestyre skal torsdag ta stilling til om det er vilje til å auke Vågå sin del av investeringa.

Auke investering: Vågå kommunstyre vedtok i desember 2020 å løyve 12 millionar kroner til eigenkapital for investering av nytt slakteribygg på Sandbumoen. For å nå eigenkapitalbehovet på 50 millionar, har Sel kommune auka sin del. Nå rår kommunedirektør Jan Egil Fossmo at Vågå kommune aukar si investering med 5 millionar kroner. Kommunestyret skal behandle saka torsdag 27. mai.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Da Vågå kommunestyre i desember 2020 vedtok å løyve 12 millionar kroner til eigenkapital for investering av nytt slakteribygg på Sandbumoen, var det skissert eit eigenkapitalbehov på 50 millionar kroner.