Gratulerer med dagen! Send oss 17. mai-bilde!

Som tidlegare år ynskjer Fjuken å få tilsendt bilde frå dykk lesarane.

Gratulerer med dagen! Endeleg er nasjonaldagen her.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Endeleg er 17. mai her. Sjølv om det også i år blir ei korona-prega feiring av nasjonaldagen, vil dagen bli feira på ulike vis rundt om i Ottadalen.

Fjuken ynskjer å få tilsendt 17. mai-bilde frå dykk lesarane. Eit utval av bilda som kjem inn, vil bli publisert både her på nettsida og i papiravisa torsdag.

Ta bilde i breiddeformat og send til oss på e-post; redaksjon@fjuken.no i løpet av dagen. Skriv gjerne nokre ord om motivet og namn på fotograf. Nokre av bidragsytarane vil få tilsendt ei overrasking frå Fjuken i posten.

Du kan også merke instagram-bilda dine med emneknaggen #fjukenavis


Korona-prega feiring i år også: Slik blir 17. mai i Ottadalen

I år som i fjor: Det blir ikkje folkefest i dei tre kommunane i Ottadalen på nasjonaldagen.



Det norske flagget er 200 år

I maidagane 1821 vedtok Stortinget det norske flagget. Heile 18 flaggutkast vart diskutert.