Bondeopprør: Køyrer traktor frå Nordland til Oslo – ordførarane signerte på traktorhengaren

– Det er forbrukaren som vel vare når han står i butikken for handle. Det er om å gjere å han på si side, få til å forstå kor viktig det er med norsk matproduksjon, sa Vågåordførar Harald Sve  Bjørndal da han signerte på traktorhengaren til nordlendingen som køyrer traktor til Oslo for å protestere mot tilbodet i landbruksoppgjeret.

Signatur: Ordførarane Harald Sve Bjørndal og Eldri Siem signerte på traktorhengaren til John Erik S. Johansen under stoppen på Otta. Han køyrer traktor frå Nordland til Oslo som ein protest mot tilbodet i landbruksoppgjeret.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Brotet i landbruksforhandlingane har fått engasjementet til å boble, frustrasjonen til å koke og hjula til å rulle hjå norske bønder.