Lionsklubben set opp gapahuk som dei gjev til Vågåsamfunnet

Lions Club Vågå set opp ein lafta gapahuk øvst i Dompe som dei gjev bort til Vågåsamfunnet.

Dugnad: I løpet av nokre timar var gapahuken til Lionsklubben på plass øvst i Dompe. Frå venstre står Inge Eide, Knut Berg, Jens Hagen, Gunnar Sveen, Steinar Sveen og Vidar Elda. Dugnadsgjengen håpar gapahuken blir ein populær møteplass.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Her kan folk nyte den flotte utsikta over sentrum, sa Jens Hagen, leiar av Lionsklubben under dugnaden med å lyfte på plass laftestokkane på gapahuken laurdag.