Ventetida er over - endeleg er Tufskrøkjun ute med plate

Endeleg. 27 år tok det før Tufskrøkjun spela inn og gav ut CD. Nå er dei ute med «Nordavind», etter ein kvek springleik som er tittelen på plata.

Spente på responsen: Synne Grothe, Kari Grøsland, Astrid Sulheim og Ann Kristin Odnes er glade for å vere i mål med plata som har fått tittelen «Nordvind» etter fyrste springleiken dei spela i lag. Dei fire felespelarane likar å spele springleik, noko plata er eit bevis på. Sju av dei 16 spora på plata er springleikar. Dei har også med seg komp på tre runddansleikar. Nå er dei spente på responsen frå publikum på plata.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Tufskrøkjun er eit lite treffande namn på dei fire felespelarane frå Lom, Sel og Vågå.