Sylfest vart takka for sin innsats for fred på frigjeringsdagen

Sylfest Storlien (94) tenestegjorde i Tysklandsbrigaden i 1948. På frigjeringsdagen vart han heidra med Tysklandsbrigaden veteranforbunds medalje og Forsvarets medalje for Internasjonale operasjonar.

Heider: Sylfest Storlien vart takka for sin innsats for fred under ei markering ved Vågåheimen på frigjeringsdagen. Frå venstre Berit Hammer, Barbro Storlien, områdesjef i Nord-Gudbrandsdal HV-område Ørjan Venås og ordførar Harald Sve Bjørndal.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

8. mai er ikkje berre frigjeringsdagen og veterandagen. Det er også dagen som forsvaret heidrar norske veteranar frå andre verdskrig og fram til i dag.