Inge og Rita satsar på matsopp og mikrogrønt gjennom firmaet Tyt uttu

– Naturen bognar av næring og energi, men vi menneske nyttar oss berre av ein liten brøkdel av det naturen produserer.

Nyetablering: Inge Morken og Rita Kirkenes har busett seg på Nørdre Dalain i Skjåk, og har planar om å nytte seg av alt som «tyt uttu» naturen. Håpet er å kunne nytte lokale ressursar og råvarer til heilårsproduksjon og sal av matsopp og mikrogrønt.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Inge Morken og Rita Kirkenes. Dei bur på Nørdre Dalain i Skjåk, og har stifta enkeltmannsforetaket Tyt uttu. Gjennom foretaket ynskjer paret å nytte lokale ressursar og råvarer til heilårsproduksjon og sal av matsopp og mikrogrønt.